Bodø Air Show logo Norsk Militær Luftmakt 100 år

Opningstider

Lørdag 16. juni
Søndag 17. juni
10:00 - 18:00 begge dagar

Billettar

Kjøp billettar på Billettservice ved å trykke på biletet under!
Billettservice

Familieaktivitetar

Det vil ikkje berre vera aktivitetar for den flyinteresserte. På bakken vil det vera aktivitetar som hoppeslott, go-kart, ansiktsmaling og mykje anna!
Les meir om det her!

Lik oss på Facebook

Program

Her er eit lite utdrag av deltakarane på stemnet. Fullstendig oversikt finn du på programsidene våre.
(Trykk på bileta for å gjera dei store)

    • Highslide JS
      Frecce Tricolori - Aermacchi MB-339 PAN
      Frecce Tricolori er av entusiastane rekna som verdas beste oppvisningsteam. Dei kjem til Bodø denne sommaren, og vil fly begge dagar!
      Foto: Frecce Tricolori
      Nettside: Aeronautica.difesa.it
      Highslide JS
      Patrouille Suisse - F-5E Tiger II
      Patrouille Suisse er eit av Europas største og mest kjende oppvisningsteam. Dei kjem begge dagar med sine F-5 fly.
      Foto: Swiss Air Force
      Nettside: Patrouille-suisse.ch
      Highslide JS
      Swiss Air Force - F/A-18C Hornet solo display
      Frå det sveitsiske luftforsvaret kjem Ralph "Deasy" Knittel for å ha solo-oppvisning med F/A-18C Hornet.
      Foto: Swiss Air Force
      Nettside: Lw.admin.ch
      Highslide JS
      Jurgis Kairys - Sukhoi
      Jurgis Kairys kjem attende til Bodø med sine halsbrekkande stunts.
      Foto: Trond Høyvik
      Nettside: Airbandits.net
  • Ei helg for heile familien

    april 23rd, 2012 av Håvard Hvoslef Kvalnes

    FamiliehelgDet vrimlar av liv også på bakken under Bodø Air Show 2012. Her vil det bli aktivitetar for heile familien, born som vaksne.

    Arenaansvarleg for Bodø Air Show 2012, løytnant Erlend Osnes, jobbar iherdig med å få på plass eit variert tilbod for tilskodarane på bakken. Allereie har vi fått bekrefta fleire aktivitetar, alt frå rapellering frå shelter og klatrevegg i regi Bodø klatreklubb for dei litt eldre borna til ansiktsmaling for dei minste.

    Ansiktsmaling
    «CAMO»-KREM: Her har Håkon fått ansiktsmaling med Forsvaret sin «camo»-krem under BAS 2008. (FOTO: Therese Skålbones)

    - Det vil vera eit variert tilbod for å halde både store og små i aktivitet på bakken, i tillegg til alt som skjer i lufta denne helga, fortel Osnes.

    Som nemnd tidlegare vil NAF Gokart stille med gokart på eit eige område på flystemnet. Av større bilar vil Salten motorhistoriske foreining, Bodø Amcar og Historiske militære kjøretøyers forening stille ut sine bilar. Ein Plymouth ‘Cuda frå 1970, som er kåra av til Noregs finaste bil, vil også stå på utstilling.

    Stort mangfald
    Vi får varmluftballong i lufta som vert eit stort blikkfang!

    Det vert konkurransar i både skateboard og einhjulssyklar, og det jobbes med å få på plass eit paintball-tilbod til dei som ynskjer det. Vi har ein god dialog med Bratten aktivitetspark, som vi håpar at kan vise fram det dei har å by på i samarbeid med Trygg Trafikk.

    Som eit tilbod til dei mindre borna vil det vera ansiktsmåling, hoppeslott og eit besøk frå Pelle politibil.

    Her er det med andre ord noko for dei aller fleste, og det jobbes stadig med å få på plass fleire aktivitetar.

    Norges fineste bil
    NORGES FINESTE: Denne bilen er kåret til Norges fineste bil. Den er eid av Alf Johan Andreassen. (FOTO: Privat)

    Publisert i Nyhende, Program


    (comments are closed).