Kan denne måla seg mot F-16?
Med smått imponerande 2000 hestekrefter klarar den modifiserte Corvetten til Jann-Roger Johansen å køyre frå dei fleste bilar. Men klarar den å køyre frå eit F-16?
Jann-Roger Johansen er ein bilgal nordmann som er busett i Sverige. Til Bodø Air Show kjem han med to råskinn av nokre bilar – ein modifisert Corvette med rundt 2000 hestekreftar og ein Audi RS6R+ med V10 twin-turbo motor frå Lamborghini med heile 730 hestekreftar.
4.6 sekundar
Corvetten til Jann-Roger brølar nesten like mykje som eit fly, og sparkar veldig godt ifra når den setter i gang. Den når 245 km/t på smått utrulege 4.6 sekundar! På rullebana skal den få måle seg mot eit norsk F-16-fly på eit dragrace. Dette kan bli tett løp!
Du får også oppleve eit dragrace «utanom det vanlege» når Audi RS6R+ skal måla seg mot eit F-16 over rullebana og tilbake. Medan bilen snur på rullebana er flyet allereie i lufta og må snu i lufta! Klarar flyet å vinne tilbake tapt tid frå vendinga?
Jann-Roger er sponsa av Stadssalg AS her i Bodø og tek turen over fjellet frå Sverige med heile familien. Han opplysar at alle saman gler seg til ei kjempetrivelig og fartsfylt helg i Bodø.
Foto: Jann-Roger Johansen
Publisert i Nyhende



























