Bodø Air Show logo Norsk Militær Luftmakt 100 år

Opningstider

Lørdag 16. juni
Søndag 17. juni
10:00 - 18:00 begge dagar

Billettar

Kjøp billettar på Billettservice ved å trykke på biletet under!
Billettservice

Familieaktivitetar

Det vil ikkje berre vera aktivitetar for den flyinteresserte. På bakken vil det vera aktivitetar som hoppeslott, go-kart, ansiktsmaling og mykje anna!
Les meir om det her!

Lik oss på Facebook

Program

Her er eit lite utdrag av deltakarane på stemnet. Fullstendig oversikt finn du på programsidene våre.
(Trykk på bileta for å gjera dei store)

    • Highslide JS
      Frecce Tricolori - Aermacchi MB-339 PAN
      Frecce Tricolori er av entusiastane rekna som verdas beste oppvisningsteam. Dei kjem til Bodø denne sommaren, og vil fly begge dagar!
      Foto: Frecce Tricolori
      Nettside: Aeronautica.difesa.it
      Highslide JS
      Patrouille Suisse - F-5E Tiger II
      Patrouille Suisse er eit av Europas største og mest kjende oppvisningsteam. Dei kjem begge dagar med sine F-5 fly.
      Foto: Swiss Air Force
      Nettside: Patrouille-suisse.ch
      Highslide JS
      Swiss Air Force - F/A-18C Hornet solo display
      Frå det sveitsiske luftforsvaret kjem Ralph "Deasy" Knittel for å ha solo-oppvisning med F/A-18C Hornet.
      Foto: Swiss Air Force
      Nettside: Lw.admin.ch
      Highslide JS
      Jurgis Kairys - Sukhoi
      Jurgis Kairys kjem attende til Bodø med sine halsbrekkande stunts.
      Foto: Trond Høyvik
      Nettside: Airbandits.net
  • Informasjon

    Opningstider

    Lørdag 16. juni: 10:00 – 18:00
    Søndag 17. juni: 10:00 – 18:00

    Billettar

    Alle som forhåndskjøpar billettar er med i trekninga av turar med nokre av flya som deltek under Bodø Air Show!

    Blant flya du kan vinne tur med finn du Saab Safari, Pitts S2 og Seaking.

    Billettprisar:

    Dagspass Helgepass
    Vaksne 250,- 400,-
    Barn 3-12 år * 100,- 150,-
    Honnør 200,- 300,-

    * Barn under 3 år kjem gratis inn.
    * Vernepliktige i uniform betalar barnepris.

    Det er også mogleg å kjøpe billettar ved inngangen til stemnet.
    Ledsagarar kjem inn gratis ved visning av ledsagerbevis.

    Overnatting og reise

    Vi forventar rundt 20.000 tilskodarar til flystemnet, så det er viktig å
    vera tidleg ute med bestilling av både transport og overnatting i Bodø.
    Her finn du ei oversikt over overnattingsmogleikane i Bodø og omegn
    Bodo.no gir deg god informasjon om Bodø by

    Rolf Liland har oppretta ei Facebook-gruppe der folk frå Bodø-området kan leige ut sine sengeplassar til publikum på Bodø Air Show. Vi oppfordrar dei som er på utkikk etter overnattingsstad å besøkje denne gruppa.

    (Alle lenkjer opnar ei ny fane)

    Lettaste måten å kome seg til Bodø er med fly til Bodø lufthavn.
    Det er og mogleg å ta tog, sjå nsb.no. (Lenkja opnar ei ny fane)

    Parkering og transport fra sentrum

    Parkeringsmogleiker er begrensa.
    .pdf Last ned oversikt over nytt kjøremønster og parkering ved flyplassen her (.pdf)

    Det vil bli satt opp to skyttelbussar som går gjennom byen til flystemnet via denne rundruta:

    Thon Hotell – Radisson Blu Hotell – Hålogalandsgt. – Kulturhuset – Sambo Prix v/Bankgata – Gamle Riksveg v/City Nord – Flymuseet – Bodø Lufthavn – Fredensborgveien – Hernesveien – Thon Hotell

    Første buss byrjar klokka 09:30, andre klokka 10:00. Køyringa sluttar klokka 18:00.

    Besøkjande private fly

    Alle småfly som flyr sjølv til flyshowet får gratis parkering og fri landingsavgift.
    Piloten får sjølvsagt gratis adgang og kan i tillegg ta med seg ein passasjer gratis.

    Merk at dei som flyg sjølv må melde seg på før dei kjem.
    Send e-post til operativ sjef Vegard Bøthun for påmelding.

    Stemnekart

    .pdf Last ned stevnekart her (.pdf)
    Merk at det kan komme endringer!

    Om Bodø Air Show 2012

    Bodø Air Show 2012 vert sete for fire store feiringar.

    Norsk militær luftmakt feirar sitt 100 års jubileum

    Flyplassen i Bodø feirar 60 år dette året, og spelar fortsatt ei viktig rolle i næringslivet og lokalsamfunnet.

    Dei to første norske skvadronane, 331 skv og 332 skv, feirar 70 år i henholdsvis 2011 og 2012. Desse er i dag fortsatt ei viktig brikke i det norske luftforsvar og produserar luftmakt i verdsklasse.

    Målsetjing

    Målet er å arrangera det største og beste flyshowet i Nord-Noreg nokon sinne. Håpet er å nå over 20 000 tilskodarar i løpet av dei to dagane flyshowet pågår og at det vert ei flott oppleving for både store og små.

    Det eventuelle overskotet frå flyshowet vil bli fordelt mellom Støtteforeininga for kreftsjuke born avdeling Nordland og Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling ved Nordlandssjukehuset.

    Arrangør

    Avinor Bodø Lufthavn, Bodø Hovedflystasjon og Bodø Kommune samarbeidar om å arrangera Bodø Air Show 2012.

    Speakerteam

    For å engasjere publikum, for å kunne formidle eit riktig bodskap av våre flyoppvisningar, og andre aktivitetar har vi invitert gode og kjente personer til å ta seg av speakertjenesta under flystemnet.
    Jan Erik Larssen frå Broom vil vera den utømmelege energibunten som vil trekkja med seg publikum, og halde dei engasjert. Flygar Rolf Liland vil formidla våre bodskap, og gje vårt publikum gode historiar og fakta.